Siderkonkurranse

Sider­konkurranse

Profesjonell klasse 2017

Vinner Asbjørn Børsheim Ulvik Frukt & Cideri. Fotograf Siderfestivalen

Vinner Asbjørn Børsheim Ulvik Frukt & Cideri. Fotograf Siderfestivalen

Årets siderkonkurransen stadfesta at kvaliteten på marknadsførd norsk sider held høg kvalitet. Det var 20 prøver frå 4 velkjende produsentar og to nykomarar. Geografisk er det to frå Ulvik, to frå Ullensvang, ein frå Kvam og ein frå Sandefjord! 

Etter to år med vinnarar frå Vikebygd (Ullensvang), var det i år Ulvik som tok alle plassane i finalen. Det var Asbjørn Børsheim (Ulvik Frukt & Cideri) og Nils Lekve (Hardanger Saft og Siderfabrikk) som hadde 3 prøver kvar i finalen. Det var svært jamt mellom Kvitanesen Poesider frå Ulvik Frukt & Cideri og Jøkulen frå Hardanger Saft og Siderfabrikk, men finalejuryen  peika ut Kvitanesen Poesider til vinnar i 2017. Hardanger Saft og Siderfabrikk fekk både andre og tredje plass med Jøkulen og Hardangersider Sprudlande.

Kvitanesen sider er laga av jus frå Discoveryeple, medan Hardanger Saft og Siderfabrikk sine siderar er blandingssider med Summerred, Gravenstein og Aroma. Alle desse er laga med naturleg spontan gjæring med vill gjær.

Jøkulen er ein lett sider med litt mindre sprudling enn dei tradisjonelle typane frå Lekve; Sprudlande og Kvasshovden. 

Amatørklasse 2017

Ofte er det stor variasjon i amatørklassen, men i år var det berre hyggeleg for juryen å smaka seg gjennom dei 20 prøvene som var komne inn frå 13 deltakarar. Som vanleg tok ein lokal jury seg av grovsilinga. Dei plukka ut i blindtestar 6 siderar. Det viste seg at det var 5 siderar frå erfarne siderkonkurransedeltakar (alle tidlegare vinnarar!) og ein frå ein siderkonkurransedebutant. 

Då finalejuryen hadde smaka seg gjennom dei seks finalesiderane var dei samstemde i at debutanten sin sider var best. Han fekk og høgast poeng av grovsilingsjuryen, så det var ingen tvil om at årets vinnar av amatørklassen i siderkonkurransen var Joar Aga frå Aga (Ullensvang).

På andre plass fylgde fjorårets vinnar Helge Frøland, Vikøy med ein sider med Bramley seedling eple, og på tredje plass Magne Lysen, Tørvikbygd. Dei tre andre i finalen var Arnvid Steinstø og to andre siderar frå Helge Frøland av Elstar og Aroma.

Kvammasiderane utgjorde halvparten (10 prøver), 3 var frå Ullensvang (alle frå Vestsida), 2 frå Eidfjord, ein vossing , ein bergensar og tre frå Telemark. 

Eigen klasse for andre siderbaserte produkt?

Tre produkt som var levert inn til konkurransen,  fekk juryen til å diskutera kva som skal vera typisk sider frå Hardanger. I konkurransen har ein nytta reglane for «Sider frå Hardanger» som definisjon av sider. Sider laga av eplekonsentrat har t.d. ikkje vore akseptert.

Det vart levert inn ein Rosèsider frå Åkre Gard i Vikebygd.  Arita og Gjermund Åkre har blanda inn litt bringebær og fått ein fint raudleg sider. Alle var samde om at han såg fin ut, men lukt og smak var mindre imponerande.

Ulvik Frukt & Cideri leverte inn sin sider med hylleblom. Grovsilingsjuryen ville ha plassert denne i finalen. Finalejuryen vurderte det og som eit godt produkt (t.d. til dessertar), men ikkje mellom dei beste.

Åkre gard hadde og ein sider der ein med frysing hadde fjerna vatn og slik fått ein meir konsentrert lukt og smak. Denne hadde heile 12% alkohol. Grovsilingsjuryen plasserte denne rett utanfor finalen på 7. plass. Finalejuryen meinte dette var den beste av dei tre siderane med ekstra konsentrering eller smakstilsetjing.

Finalejuryen fekk vurdera desse tre produkta saman med dei andre tradisjonelle siderane. Edel sider med frysekonsentrering 12% alkohol vurderte finalejuryen som det tredje beste produktet i konkurransen i år. Juryen meiner ein bør ha ein eigen klasse for slike siderbaserte produkt.   

Sidan det ikkje var ei eigen klasse i år, gav juryen ei lita gåve til Arita og Gjermund Åkre. Takk for gode idear og spennande produkt, og velkomen attende til open klasse neste år.

vinnar2016

Aldesider frå Bleie Gard vann siderkonkurransen 2016

Siderkonkurranse i Øystese 8. oktober 2016:

Det var levert inn 16 sidertypar frå dei profesjonelle siderprodusentane til siderkonkurransen under Siderfestivalen i Øystese. I år var alle prøvene frå Hardanger. 6 håpefulle amatørar hadde levert inn i alt 9 ulike typar til vurdering, og her var det prøver frå aust og vest.

I klassen for dei profesjonelle fekk Ulvik Frukt & Cideri sin Hakastadsider Gravenstein 2015, Ekspedisjonen bryggeri (Lofthus) sin Skrikjosider, Edel frå Åkre Gard, Cider med naturleg kolsyre frå Hardanger Cideri og Trolltungasider frå Hardanger Saft- og Siderfabrikk (Ulvik) god omtale, men kom ikkje med i finalen med dei fem siderane juryen tykte best om. I finalen fekk Hardanger Saft- og Siderfabrikk 5. og 4. plassen med Sprudlande sider og Dronningsider. Topp tre vart:

  1. Alde, Bleie Gard (Nå)

  2. Cidereple, Hardanger Cideri (Jåstad)

  3. Kvitanesen - poesider, Ulvik Frukt & Cideri

Alle dei innleverte typane var gode, og gode representantar for siderproduksjonen i Hardanger. Men nokre hadde det vesle ekstra som gjorde at dei merka seg ut for denne juryen. Vinnaren er ein typisk sider frå Hardanger, halvturr, og høver godt både som fylgje til mat og som forfrisking.

Hardanger cideri sin sider av cidereple er ein heilt annleis sidertype, og medførde sterke diskusjonar i juryen. Dei typiske siderepla er meir bitre enn epla som er dyrka for frisk konsum, og som me har tradisjon for å bruka til sider i Hardanger. Sideren av cidereple minna meir om sideren dei produserer sør-vest i England. Då vart det ivrig diskusjon om kva som skal vera særmerket for sider frå Hardanger, og kor langt me skal gå med å bruka bitre sidereple me tidlegare ikkje dyrka i Hardanger. Konkurransen i år stadfesta elles at Discovery er eit godt eple til siderproduksjon.

I amatørklassen vann Helge Frøland med sin sider av Summerred og Gravenstein. «Ein kraftfull og god sider» meinte domarpanelet. Geir Inge Knutsen fekk heiderleg omtale for sin sider, og nær finaleplass. Men dei tre som gjekk til finalen var alle laga av var Helge Frøland. Aromasideren vart nummer to og den reine Gravensteinsideren vart rangert som nummer tre.

Fleire av siderprøvene frå amatørane var på fine flasker med flotte etikettar. Men innhaldet sto ikkje alltid i stil med det fine ytre. Ein hadde prøvd å få ettergjæring på flaska og sprudling som champagne, men produktet fall ikkje i smak hjå juryen. Vinnarsideren vart levert i ei plastflaske med skrukork.

Juryen var i år sett saman av personar med bakgrunn i restaurantar i Bergen, og med sterk interesse for lokale alkoholhaldige drikkevarer, om det så er øl eller sider. Deltakarane i juryen var Hanne Frosta Frosta -lokalmatcoach, Chris Chapman kjøkensjef på Pingvinen, Ørjan Setvik ølsommelier på Bien Bar og Øystein Ellingsen kjøkensjef på Bare Vestland. Eivind Vangdal, Nibio Ullensvang, hadde ansvaret for at døminga gjekk rett og rettferdig føre seg.

Vinnar 2016: profesjonell klasse

1. Alde, Bleie Gard
2. Cidereple, Hardanger Cideri
3. Kvitanesen – poesider, Ulvik Frukt & Cideri

Vinnar 2016: amatørklasse

1., 2. og 3: Helge Frøland med 3 ulike sidertyper; henholdsvis Summerred og Gravenstein, Aromasider og ren Gravensteinsider.

Geir Inge Knutsen fekk ein sterk 4.plass

Vinnar 2015: profesjonell klasse

1. Gjermund O. Åkre - Edel - 84 poeng
2. Hardanger Saft og Siderfabrikk - Kvasshovden - 80 p.
3. Hardanger Saft og Siderfabrikk - Dronning - 79 p.

Vinnar 2015: amatørklasse

1. Arnvid Steinstø - 72 poeng
2. Arvid Huun og Ola Andreas Sandven - 67 p.
3. Guttorm Inge Fykse - 63p.

Vinnar 2014: profesjonell klasse

Nr 1: Lekve Gard, Hardangersider Kvasshovden
Nr 2: Lekve Gard, Hardangersider Sprudlande
Nr 3: denne vart tredelt då alle oppnådde 67 poeng: igjen Nils Lekve Tradisjonell, Ulvik Frukt & Cideri sin Hakastadsider Tradisjon 2013 og Hakastadsider Gravenstein 7,5 %.

Vinnar 2014: amatørklasse

Nr 1, 2 og 3: Amatørklassa vart vunnen av Helge Frøland (Kvam) med 61 poeng, som også hanka inn 59 poeng på to av dei andre siderane og dermed alle tre palleplassane.

Vinnar 2013: profesjonell klasse:
Nr 1: Lekve Gard, Hardangersider Sprudlande
Nr 2: Lekve Gard, Hardangersider Tradisjonell
Nr 3: Hardanger Cideri, Sjur Jaastad

Vinnar 2013: amatørklasse
Nr 1: Reidar Skogheim (Telemark)
Nr 2: Helge Frøland
Nr 3. Gerd Lysen/ Andreas Østlund (delt)

Vinnar 2012 vart Sjur Jåstad, Hardanger Cideri.
Nr 2: Ulvik Frukt ogCideri
Nr 3: Helge Frøland