Program - kalender

Back to All Events

Fruktløype: Spildegarden - Steinstø - Storeteigen

Kl 12 - 15   Familiedag på Spildegarden

Kl 13 - 14   Servering av siderinspirert middag i "Kjedlaren" i Steinstø 

Kl 15 - 18   Familiedag på Storeteigen

Familiedag på Spildegarden:

Den årvisse fruktløypa på Spildegarden går av stabelen sundag 13. oktober kl 12 - 15. Lag di eiga saft! Bli med bonden i frukthagen og plukk dine eigne eple som du etterpå pressar og tappar til saft. Kvar person får 1 flaske eigenprodusert råsaft med personleg etikett. Det blir også lesestund for borna med eplesoger  i eplebingen. 

Pris per person 150,- (påmelding til 915 59 879)

Utsal: Me byr på eit utval av eplemost - frå søte, fruktige til syrlige. Gjerne krydra med ei historie.

Eplekafè: Nyt heimelaga eplekake og kaffi på “Eplebørsen”

Familiedag på Kvam bygdemuseum Storeteigen:

Stovene på Kvam bygdemuseum vert kveikte i og tunet skal bugna av mogelegheit å pitla rein frukt, vafler og anna knask. For å markera slutten på festivalen har me hyra inn motorsagkunstnaren Arne Askeland. Han vil gjennomføra ein demonstrasjon av motorsagbasert karveskurd og skal resultera i eit tingingsverk som skal smykka tunet i framtida.

I Storeteigen bygdekino snurrar filmen Folket ved fjorden frå kl 16.

Vel møtt! 

Earlier Event: October 12
Siderfest!
Later Event: September 22
Årets program