Program - kalender

Back to All Events

Siderfest!

  • Hardangerfjord Hotell Øystese Norge (map)

Årets store siderfest skal fylla Hardangerfjord hotell til randen med musikk i ulike former i tre etasjar.

PROGRAM:
Kl 21 - 02    DJ #detgodelivihardanger
Kl 22 - 23   Storm Weather Shanty Choir
Kl 23 - 00   Side Brok
Kl 00 - 02   Novelty Sounds

Om artistane: 

Storm Weather Shanty Choir

Det er mangt ein ikkje skulle tru kunne bli kommersiell suksess – seks karar som syng sjømannsviser av full hals høyrest ut som noko slikt. La deg overhovudet ikkje lura - rockekoret frå Stord fyller tretten år i år og får eit stadig større publikum i inn- og utland.

Status i 2013 er fire kritikarroste plater, over 300 konsertar og stor respekt både i rocke- og folkemusikkmiljø. Du fekk kanskje med deg avisoverskriftene då dei låg over Rihanna på hitlistene på tampen av sist år? Mykje av grunnen er nok ryktet om deira fabelaktige liveopptredenar om det er på Statsraad Lehmkuhl eller på Hulen i Bergen. ”Det skal virkelig et godt rockeband til for å toppe et shantykor fra Leirvik” skreiv mellom anna Bergens Tidende sin Einar Engelstad. Tru det du høyrer og kom deg på shantykonsert!

http://www.shantychoir.com/

Storm Weather Shanty Choir

Side Brok

Rappegruppa frå Hovdebygda returnerer til Øystese! Spelte på Bygdalarm i 2009 og har sendt førespurnad om å koma attende til den vakre bygda vår årleg. Bandet debuterte (på scena) så langt attende som i 1999 - som oppvarmingsband for ein polsk strippar. Dei har vorte kåra til Årets Urørt og fengjer publikum på sitt heilt særeigne vis med tekstar og beats ingen gjer etter dei.

Meir info på heimesida.

Novelty Sounds

Bak dette engelske namnet skjuler det seg to grammonfonryttarar med namn Helge Kvamme (Arna) og Henrik Svanevik (Laksevåg). Deira sporadiske samlingar har funne stad på tepperommet til kulturhuset Landmark i ei årrekkje. På den musikalske menyen får ein servert alt frå rhythm&blues, soul, funk, rockabilly og andre perler frå det glade 50- og 60-talet. Kveldane byrjar med musikk i talevenleg volum, og aukar proposjonalt i både tempo, volum og dansevenlegheit med publikum sitt alkoholkonsum. 

Novelty Sounds på Facebook

l

DJ #detgodelivihardanger

Bak konseptet står Victor Marshall Tombre, Kristian Kvåle som musikalske connosieurar og Tord Torpe som VJ. Musikken dreier seg om rytmar. Spelar garantert ikkje swing, men forvent alt ifrå dubstep, house og hip-hop til punk, powermetal og pop. Kunstnaren Tord Torpe skal visuelt kringsetja velourveggane med ulike tolkningar om kva det gode liv i Hardanger er. Trioen vart påtenkt i 1985 og skipa i 1986, og har sidan snurra plater på både heimefestar og utestader.

grovagjelet_soundsystem
Earlier Event: October 12
Siderdrøs