Program - kalender

Rappekurs med Runar Gudnason

  • Storeteigen Øystese Norge

Ungdomar i alderen 13 - 18 vert utfordra å læra seg kunsten å rappa. Åstaden for dette er musikkverkstaden på Kvam bygdemuseum på Storeteigen fredag 11. oktober.

Interessert? Ta kontakt med AK Glück-Teigland, ak@bygdalarm.no // 91394506

Det flotte med rap er at ein treng ikkje noko utstyr for å begynne. Alle kan vere med, og som utgangspunkt treng ein berre to ting:

- evna til å få to eller fleire ord til å rime. Det kan alle, som regel frå 5 årsalderen,
- evna til å snakke. Ein må altså ha stemmeband, munn, tunge osv. Det og har dei fleste.

Runar Gudnason er rappar i gruppa Side Brok. Han er fødd på om lag same tid som hip-hopkulturen, og han var 12 år då kulturen for alvor spreidde seg frå USA til Europa i 1984, og sidan har han vore hekta. Men det var ikkje før Runar i vaksen alder flytta til Danmark at han sjølv tok tak i mikrofonen. Han var faktisk 25 år då han skreiv sine fyrste raprim, og 30 år då Side Brok debuterte på plate. Dette meinar han er eit bevis på at alle kan. Det er aldri for seint, og aldri for tidleg.