Program - kalender

Frå grandis til gourmet: Det er ikkje hesten det er noko gale med, det er lasagnen.

  • Kabuso Øystese Norge

 Opningsdrøset på Siderfestivalen skal romma eit skeivt og kritisk blikk på snøggmat og seia noko om kvifor me bør eta ordentleg mat. Ei rekkje spennande innleiarar byd på sin kompetanse.

Stad: Kabuso
Pris: kr 100
Tid: fredag 11. oktober kl 19 - 21
Ordstyrar: Stig Lundblad-Sandbakk
Program:
1. Hanne Frosta
Vidkjend innehavar av Bergens fyrste og einaste økologiske restaurant, Hanne På Høyden. Denne standsmessige restauranten nyttar ingrediensar som ramslauk, bjørkeblad, kantarellar, eple og plommer for å heva smaken.

2.  Eivind Vangdal frå Bioforsk
Representanten frå Bioforsk vert utfordra på temaet økologi, miljø og berekraft. Korleis er matindustrien i røynda bygt opp og kva skjer konkret med kroppen ved inntak av transfeitt og antibrekningsmiddel?

3. Tor Erik Gregersen
Mannen bak bloggen www.ordentligmat.no vil halda ein matpornografisk halvtime med fokus på det ubalanserte gapet mellom matjåleriet i mediabiletet og den reelle matkulturen som rår i dei norske heimane

Fotor082385710.jpg

Kva er gale med matsystemet vårt? 11-åringen Birke Baehr har nokre svar...: