Forside

Ny produsent vann prisen for beste sider

Hardanger Frukt- og Siderfestival sitt eige dommarpanel kåra i dag verdas beste sider. Den gjevaste prisen, fyrsteplass i profesjonell-klassa, gjekk til ein ny produsent,  Gjermund O. Åkre og Edel Sider frå garden Åkre i Ullensvang. Sideren fekk beste skussmål i begge smaksrundane som sjølvsagt er basert på blindtesting. Frå grunngjevinga: "Åkre har nyss fått produksjons- og salsløyve for sider, og vinnarsideren Edel er fyrste salsproduktet. Edel er ein elegant sider som for mange vil vera eit godt alternativ til kvitvin." I klassa for amatørar vann veteranen Arnvid Steinstø, som også sat i panelet. Juryen forklarte at sidan det etter blindtesten var så desidert samtykke frå alle om kvaliteten, så vart ikkje Steinstø ugild som konkurrent. Frå grunngjevinga: "God eplesmak og god ettersmak slik mange ynskjer at sider frå Hardanger skal smaka. Så er då og Arnvid av den gode gamle sorten både som fruktbonde, fruktseljar og siderprodusent på Steinstø." Til saman tjuefire ulike prøvar vart sendt inn i forkant.

siderjuryen 2015.jpg