Forside

Årets program!

siderbedømming_tina.jpg

Då er det berre å gle seg – fire dagar til ende kan du få med deg frukt og sider i alle slags variantar. Me startar opp på Kvam bygdemuseum – Storeteigen med eplekino og eplekrig. Lurar du kva dette går i, er nok beste måten å finna ut ved å stilla. Utover helga kjem det til å vera ulike interessante føredrag, mellom anna om kva maten gjer med oss og me med den. På Øvreviken fredag kveld må du få med deg sidersymposiet fyrst og påfylgjande siderquiz og dans. Laurdag fylgjer det eine etter det andre både for dei minste, dei i midten og dei store. Ikkje gå glipp av rappekurs med Runar frå Side Brok! Og Kl 14.30 blir beste sideren kåra! Så tek det til med siderføredrag på hotellet kl 18 og musikk og dans og moro utover natta. Du får deg sjølvsagt opp i skapeleg tid på sundagen for å få med deg fruktløypa frå Storeteigen til Spildegarden. Klikk deg inn på programmet for nøyaktige tidspunkt og lik sida vår på Facebook!