Forside

siderbedømming_tina.jpg

Årets program!

Då er det berre å gle seg – fire dagar til ende kan du få med deg frukt og sider i alle slags variantar. Me startar opp på Kvam bygdemuseum – Storeteigen med eplekino og eplekrig. Lurar du kva dette går i, er nok beste måten å finna ut ved å stilla. Utover helga kjem det til å vera ulike interessante føredrag, mellom anna om kva maten gjer med oss og me med den. På Øvreviken fredag kveld må du få med deg sidersymposiet fyrst og påfylgjande siderquiz og dans. Laurdag fylgjer det eine etter det andre både for dei minste, dei i midten og dei store. Ikkje gå glipp av rappekurs med Runar frå Side Brok! Og Kl 14.30 blir beste sideren kåra! Så tek det til med siderføredrag på hotellet kl 18 og musikk og dans og moro utover natta. Du får deg sjølvsagt opp i skapeleg tid på sundagen for å få med deg fruktløypa frå Storeteigen til Spildegarden. Klikk deg inn på programmet for nøyaktige tidspunkt og lik sida vår på Facebook!

 

Hardanger frukt- og siderfestival

Velkomne til ei helg i Øystese med sider, kultur og fest i sentrum. Årets siderfestival går av stabelen 10.-13. Oktober – krot inn i primstaven!

Fokuset i år er sider- og matkultur. Her vert seminar, prøvesmaking og ein bugnande marknadmed spennande tilbydarar. Fleire produsentar byd på smaking av sin særeigen sider. Det vert også fleire aktivitetar for born denne marknadsdagen. Laurdag kveld inviterer me til Siderfest på Hardangerfjord hotell med musikk i tre etasjar. Sundag vert det fruktløyper på ulike gardar før festivalen vert naturleg avslutta med eit heidundrande motorsagshow på Kvam bygdemuseum på Storeteigen.

Vel møtt!

Øystese.jpg