Forside

Velkomen til Siderfestivalen 2017!

Datoen er fastsatt - hald av 6-8 oktober!

Tradisjonen tru held Siderfestivalen også i komande haust eit heidundrades opplegg med gode smakar, finfin stemning, konkurransar, marknad og alt det gode med hausten Og som om dét ikkje var nok, så har me sjølvsagt tinga strålande vær!

Velkomen!

Siderfestivalen 2016. Fotograf: Hordaland Folkeblad. 

Siderfestivalen 2016. Fotograf: Hordaland Folkeblad. 

STAUT kjem til Siderfestivalen 2017!

STAUT speler på årets Siderfest i samband Siderfestivalen 7. oktober. Me gler oss og tek sjansen på å garantere makalaus stemning i Øystesehallen! Gjennom utallige konsertar dei siste åra har STAUT finpussa liveuttrykket sitt og bevisar gong på gong at dei er eit av Noregs beste liveband.

Utdrag ifrå Aftenposten sin omtale der plata fekk der plata fekk terningkast 5: “... spiller Staut nå opp til en festaften med alt fra bygdedans, allsang, massivt felespill, lun humor, fine ballader, akustiske visetakter og feiende flott folkrock ispedd noen popelement”

Kjøp billettar på Ticketco
Me sprudlar av glede av å kunne presentere STAUT til Siderfestivalen 2017!

Me sprudlar av glede av å kunne presentere STAUT til Siderfestivalen 2017!

Kjem du med bubil?

Me ynskjer bubilar og campingvogner hjartleg velkomne. Parker å Øystese Bubilparkering; her kan du dyppe føtene i Hardangerfjorden og kikke på Folgefonna - nokre steinkast frå sentrum og festivalen. Vatnuttak og søppelhandtering på plass. Me har ikkje straum og sanitæranlegg, med det er offentleg toalett ved badestranda i sentrum. Kjøp deg ein parkeringsbillett for 250 kr for heile helga på ticketco.no !

Då er du sikra plass!

Styret takkar for fin festival

Me vil takke for alle som møtte opp og gjorde årets Hardanger Frukt- og Siderfestival til eit tilsynelatande vellukka arrangement. Væretgudane var i godt humør, og besøkande såg ut til å kose seg. Me takkar for denne gong, og ønskjer hjartleg velkomen tilbake i 2017!