Forside

Ny produsent vann prisen for beste sider

Hardanger Frukt- og Siderfestival sitt eige dommarpanel kåra i dag verdas beste sider. Den gjevaste prisen, fyrsteplass i profesjonell-klassa, gjekk til ein ny produsent,  Gjermund O. Åkre og Edel Sider frå garden Åkre i Ullensvang. Sideren fekk beste skussmål i begge smaksrundane som sjølvsagt er basert på blindtesting. Frå grunngjevinga: "Åkre har nyss fått produksjons- og salsløyve for sider, og vinnarsideren Edel er fyrste salsproduktet. Edel er ein elegant sider som for mange vil vera eit godt alternativ til kvitvin." I klassa for amatørar vann veteranen Arnvid Steinstø, som også sat i panelet. Juryen forklarte at sidan det etter blindtesten var så desidert samtykke frå alle om kvaliteten, så vart ikkje Steinstø ugild som konkurrent. Frå grunngjevinga: "God eplesmak og god ettersmak slik mange ynskjer at sider frå Hardanger skal smaka. Så er då og Arnvid av den gode gamle sorten både som fruktbonde, fruktseljar og siderprodusent på Steinstø." Til saman tjuefire ulike prøvar vart sendt inn i forkant.

siderjuryen 2015.jpg

Plass til fleire utstillarar

Me har som vanleg allereie fått inn mange flotte utstillarar - frukt sjølvsagt, krotakaker sjølvsagt, bilar sjølvsagt - og det er framleis plass til fleire. Hiv deg rundt og meld inn, så sikrar du deg ein hyggjeleg og bra plass saman med dei andre utstillarane. Lista over dei som er med til no finn du her - syt for at di verksemd vert neste namn på lista!


Har du klar sideren din?

Så var det igjen tid for å kåra verdas beste sider! Som vanleg lyt du senda inn to flasker som prøve og dette lyt du gjera innan 25. september. Les meir om konkurransen her - me ser fram til rekordmange påmeldte! Hugs at me har to klassar, amatør og profesjonell, så det er berre å gjera godsakene klare.

Sykkelshow med Eirik Ulltang

Øystese sin store sykkelson kjem og har oppvisning!  Biketrial er knalltøft og konkurransen på verdsbasis er hard. Han er for tida rangert som nummer 19, noko det står enormt respekt av. Han har vunne tolv av seksten enkeltritt i Noreg. Han er også ambassadør for sykkelsporten samt arrangerer eigne kurs og trialsykkelløp, Fjordtrial. Ikkje gå glipp av Eirik Ulltang på Siderfestivalen!