Forside

Årets beste sider kåra!

16 sidertypar var påmelde årets Siderfestival i Øystese fordelt på to klassar, amatør og profesjonell. I år som i fjor stakk Nils Lekve og Lekve Gard i Ulvik av med fyrsteprisen i proffklassen, i år med sidedren Hardangersider Kvasshovden. I klassa amatør vann Helge Frøland sin sommerred/gravenstein-sider. Bedømminga er basert på blindtesting utan klassifisering med poeng for farge, klårheit, lukt, smak og ettersmak. Dommarpanelet bestod av Eivind Vangdal (Bioforsk), Vidar Klausen (Vinhuset) og Ragnhild Børven (kokk), og det var fullstendig semje om topplasseringane - Kvasshovden vann med 77 poeng av 90 oppnåelege og beste amatør hadde 61 poeng av 90.

Foto: Toril Walker Norheim

Meir enn mat på marknaden!

Det vert ikkje berre høve til å stimulere smakslaukane på marknaden laurdag, nokre kunstnariske innslag vert det og!

12:00 får vi presentert smakebitar av Lars Ove Seljestad si bok Kjære Bror til musikalsk tonefylgje av Odd Erlend Mikkelsen.

12:40 er det klart for det lokale og fremadstormande bandet Mandelid, med Ruben Mandelid i spissen.

13:00 er det høve til å ta ein tur i Kabuso og få med seg Oddveig Klyve som les til tonefylgje av Knut Hamre. Kabuso inviterer til festivalstemning med smakebitar frå eplehausten.

14:00 får festivalen besøk av Malene Rogdaberg Trå, ung og lovande songarinne frå Kvam. Kanskje får vi ein forsmak på Siderfesten i form av ei Hellibillies-låt eller to?

 

På marknaden vil det og verte høve til å få testa dei meir atletiske evnene dine. Kvam Klatreklubb utfordrar deg til bruskasseklatring, sjølvsagt godt sikra og i trygge hender. Øystese Fotball rekrutterer nye fotballtalent med triksekonkurranse. Lukke til!

Kjem du til festivalen i bubil?

Då er du sjølvsagt hjarteleg velkomen!

Det vert råd å nytte seg av parkeringsplassen ved marknadsområdet, men her er det begrensa med plassar. Me har difor avtale med Øystese Gymnas om parkering der. Adressa er Nedre Vik 85, 5610 Øystese. Gymnaset er i gangavstand frå både marknad og Siderfest.

Mykje godt og moro!

Me har masse flotte utstillarar - her har du ei oversikt: