Forside

Meir enn mat på marknaden!

Det vert ikkje berre høve til å stimulere smakslaukane på marknaden laurdag, nokre kunstnariske innslag vert det og!

12:00 får vi presentert smakebitar av Lars Ove Seljestad si bok Kjære Bror til musikalsk tonefylgje av Odd Erlend Mikkelsen.

12:40 er det klart for det lokale og fremadstormande bandet Mandelid, med Ruben Mandelid i spissen.

13:00 er det høve til å ta ein tur i Kabuso og få med seg Oddveig Klyve som les til tonefylgje av Knut Hamre. Kabuso inviterer til festivalstemning med smakebitar frå eplehausten.

14:00 får festivalen besøk av Malene Rogdaberg Trå, ung og lovande songarinne frå Kvam. Kanskje får vi ein forsmak på Siderfesten i form av ei Hellibillies-låt eller to?

 

På marknaden vil det og verte høve til å få testa dei meir atletiske evnene dine. Kvam Klatreklubb utfordrar deg til bruskasseklatring, sjølvsagt godt sikra og i trygge hender. Øystese Fotball rekrutterer nye fotballtalent med triksekonkurranse. Lukke til!

Kjem du til festivalen i bubil?

Då er du sjølvsagt hjarteleg velkomen!

Det vert råd å nytte seg av parkeringsplassen ved marknadsområdet, men her er det begrensa med plassar. Me har difor avtale med Øystese Gymnas om parkering der. Adressa er Nedre Vik 85, 5610 Øystese. Gymnaset er i gangavstand frå både marknad og Siderfest.

Mykje godt og moro!

Me har masse flotte utstillarar - her har du ei oversikt:

Levert inn siderprøvar enno?

Ikkje det? Du har framleis eit par veker på deg, fristen er 28. september.

Dette gjer du:

De må levera inn minst 2 flasker à 0,7 liter av kvart påmeldt produkt. 

Produkta må leverast Kvam Fruktlager (FK-butikken i Øystese), Bioforsk på Lofthus eller Hardanger Fjordfrukt på Utne seinast fredag 28. september.

Me kan hjelpa til med å henta sider frå andre stader, ta kontakt med Stig Lundblad-Sandbakk tlf 917 22 857.

Adresse om du skal sende som pakke:
Kvam Fruktlager,
Sjusetevegen 27,
5610 Øystese.

Send også ein SMS til mobilnr. 917 22 857 når pakken er sendt, med opplysning om namn og sendingsdato.

Vinnarane for 2013 var:

Nils Lekve frå Hardanger Saft og Siderfabrikk vann nok ein gong med sin ”Sprudlande”-sider, no i klassa profesjonell.

Amatørklassa vart vunnen av Reidar Skogheim frå Seljord.

Hellbillies til Siderfesten 4.oktober!

Det er med stor glede å melda at eit av Noregs desidert beste live-band skal vitje årets Siderfestival! Sjølvaste Hellbillies frå Ål i Hallingdal tek turen til Øystese for å halda ein heidundrandes konsert i idrettshallen!

Bandet som kjem med nytt live-album 6.juni kan sjå attende på ein nesten 25 år lang karriere med 10 studioalbum, 4 konsertalbum, eit lang rekke konsertar, og fleire Spelemannprisar inkludert Årets spellemann i 2007.

Om du ynskjer å få med deg denne storhendinga må du fylgja med her på nettsidene våre - billettar ligg no ute for sal: https://onl.ticketco.no/siderfest2014