Forside

Velkomen til Hardanger Frukt- og Siderfestival 2016

8. oktober 2016 vert det Frukt- og Siderfestival i Øystese, med mykje liv, røre, frukt og sider! Marknad på dagen med spennande smakar, morsomme leikar og liv, røre, sus og dus i bygda.

Programmet for 2016 vert lagt ut kvar augnablink no. Følg med!

Bottled Cider With Apples

Ny produsent vann prisen for beste sider

Hardanger Frukt- og Siderfestival sitt eige dommarpanel kåra i dag verdas beste sider. Den gjevaste prisen, fyrsteplass i profesjonell-klassa, gjekk til ein ny produsent,  Gjermund O. Åkre og Edel Sider frå garden Åkre i Ullensvang. Sideren fekk beste skussmål i begge smaksrundane som sjølvsagt er basert på blindtesting. Frå grunngjevinga: "Åkre har nyss fått produksjons- og salsløyve for sider, og vinnarsideren Edel er fyrste salsproduktet. Edel er ein elegant sider som for mange vil vera eit godt alternativ til kvitvin." I klassa for amatørar vann veteranen Arnvid Steinstø, som også sat i panelet. Juryen forklarte at sidan det etter blindtesten var så desidert samtykke frå alle om kvaliteten, så vart ikkje Steinstø ugild som konkurrent. Frå grunngjevinga: "God eplesmak og god ettersmak slik mange ynskjer at sider frå Hardanger skal smaka. Så er då og Arnvid av den gode gamle sorten både som fruktbonde, fruktseljar og siderprodusent på Steinstø." Til saman tjuefire ulike prøvar vart sendt inn i forkant.

siderjuryen 2015.jpg

Kjem du med bubil?

Me ynskjer bubilar og campingvogner hjarteleg velkomne, men hugs: ikkje parker nede på hotellparkeringa - her kjem det gjerder og bodar opp på laurdagen, så spar deg for å måtta stå opp tidleg og flytta bustaden, parker heller på kaien bortanfor kyrkja/badestranda. Elles kan ein stå oppe ved barneskulen eller oppe på ungdomskulen. Me har ikkje straum og sanitæranlegg, men det er offentleg toalett ved badestranda.

Auksjon til inntekt for Holmatun

God, gamaldags auksjon får du ikkje for ofte, så få med deg når Holmatun stiller opp med godsaker til inntekt for Holmatun. Her blir flotte måleri av Torvald Flatebø, brukskunst, trearbeid og mykje anna fint. Det vert stand på området frå me opnar til auksjonen startar kl 15, så ein kan setja seg godt inn i kva ein skal by i forkant. Auksjonarius er Torgeir Magnar Børve.

Plass til fleire utstillarar

Me har som vanleg allereie fått inn mange flotte utstillarar - frukt sjølvsagt, krotakaker sjølvsagt, bilar sjølvsagt - og det er framleis plass til fleire. Hiv deg rundt og meld inn, så sikrar du deg ein hyggjeleg og bra plass saman med dei andre utstillarane. Lista over dei som er med til no finn du her - syt for at di verksemd vert neste namn på lista!